TINE fotballskole 2015

Denne veka arrangerer EIL sin årlege TINE fotballskole. Fotballskolen går over tre dagar, og er som vanleg fullteikna.

2015-08-11
BenteForde451

I år er det 112 born i alderen 6-12 år som deltek. Dei unge spelarane delast i grupper etter alder, og instruerast i ulike fotballaktivitetar av klubben sine eigne ungdommar. Treningskampar på kryss og tvers av alder og kjønn inngår òg i programmet. Fotballskoleansvarleg i EIL, Mona Rydland, seier at dei to første dagane har gått som smurt; borna storkosar seg, mykje takka vere instruktørane, som gjer ein kjempegod jobb. Rydland rosar også dei tre ungdommane som lagar lunch til heile gjengen kvar dag! 

På biletet over ser vi heile gjengen samla til den daglege avslutninga; straffekonkurranse! Ein instruktør frå kvar gruppe konkurrerar, og ungane heiar ivrig på "sin" instruktør. 

Kalender

Juni
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293012345

Aktiviteter

08.06.2020
Kvalitetsklubbmøte

19:30 - 21:00

Nye klubbhus